torsdag 27. desember 2012

3.dag jol

Winterwonderland....

Ute er det masse sno, og me har pynta inngangspartiet med tre, granbar, konglar, lykter og ljos...

Stemningsfullt i kveldstimane...

Ha ein fortsatt god tredjedag jol!
Her stråler sola i dag:-)

Smil til deg:-)



onsdag 26. desember 2012

26.-jolebordet

Fortsatt god jol! Då var 2.joledag her... Fredeleg og godt! Pakkene er testa ut og leika med, og me nyter late dagar, god mat og fyrste jol i vårt nye hus-LYKKE!!!

Her er nokre bilete frå korleis bordet vårt vart dekt til vår allere fyrste jolemiddag her heime...

granbar, konglar, ljos og sylv; det må vere stikkord for bordet denne jolekvelden:-)

Etterkvart kjem det masse bilete frå resten av jolehuset her i Vikje...

Ynskjer dykk ei fredeleg romjol...

Smil til deg...:-)



mandag 24. desember 2012

24. God jul...

Så, då var dagen her.... !

Me sit her i den nye tv-stoga, med TV! Nyter teiknefilm, kaffe og synet av eit blenkjande joletre!

Glede...

Etter mange timar med jobbing dei suste vekene, vert det godt med eit pust i bakken, saman med familien!

Kos deg i jolehøgtida du og! Ynskjer deg ei fredeleg og god jol, og alt godt i det nye året-2013!

Jolesmil til deg, og masse glede :-D




søndag 2. desember 2012

Lykke er...

...når ein midt oppe i alt kaoset, så smått ser at ting gjeng framover...

TV stoga er brukbar, nedvask av huset er i gang og jolestjerna blenkjer i glaset...

Jol i Vikje er på gang, og me gler oss nesten like mykje, liten som stor...

Ha ein fin fyrste sundag i advent! Nyt den
fine, men tiltider travle førjulstida...
(utan å kollapse den24.;-)

Smil til deg...:-)







lørdag 24. november 2012

Hallo....

Eg er her, men må ha ei lita uplanlagt pause, too much on our hands...! Kjem attende snart, må bli litt meir på stell her...

Men du, ha det fint så lenge da!

Ynskjer deg ein nyyydelig laurdag, med dette fine bilete frå Vågslid-heime...

nydeleg vêr og ljos no i kveldinga!

Smil til deg...:-)

torsdag 15. november 2012

Prosjekt vindfang...

Me er i gang med å panele og beise, og etterkvart blir det måling av vindfang...

Fliser på golvet skal og på plass...

Det blir nok ein litt koselegare inngang å kome til, enn eit upanela rom med betonggolv...;-)

Dør inn til gang...



Inngangsdøra har to vindu, og det er det einaste med har av glas i vindfanget, så då endar me opp med å måle romet i ljose fargar på tak og veggar...

...Konstrastvegg med grovare panel...
...Kvistlakk og beis må til...
Det var det eg kunne vise frå vindfanget så langt...


 Og under ser det litt av gangen som endeleg har fått ljos...
Hurra for ljos i mørketida;-)





Det er diverse å drive med for å få Vikje joleklar...
...og me arbeidet litt rundt overalt om dagen...
...alt ettersom kva som er naudsynt og passande, men det gjeng då framover...:-)


Ha ein fin torsdag, dagane rasar avgarde!
Smil til deg;-)

søndag 11. november 2012

Morgonstund...

Veka er på hell...

Me nyt ein roleg morgon med pusling, kaffe og fyr på peisen....

...Morgonstund i mørket, med kaffe, ljos og eit blad...
...Det kan vere sundagslykke...

Morgonstund er faktisk gull i grunn... 
Me ryddar og fiksar rundt omkring i heimen...
... og etterkvart kjem det til å kåme meir bilete frå hovudetasjen....

...Deilig kaffe, nytast i godt selskap av Maison-Jul...

No har me òg fått montert litt meir ljos, og det kjem godt med på desse tider av året...;-P
I går vart deg òg pakka ut litt meir, og eg fekk delvis gjenge gjennom flyttelass 2(som har stått i 6-7 år, etter hybelliv, puh...) 
Det er godt å ha litt meir oversikt...

Håpar de har fine planer for dagen. Nyt fridagen og kos deg...

Smil til deg...:-)

søndag 4. november 2012

Happy Sunday...

Dagen vert bruka til å slappe av... Det trengs iblant....

Storegull er på besøk og kosar seg med ein ven, medan eg og veslegull kosar oss heime i dag...

Huset stend på halv tolv, og er pr definisjon det som på bloggespråket kallast, lite bloggbar...!
ROT, her altså;-)
Åssen ære ikke iblant'a...?;-)



Min kjære lagar rekkverk ved kjellertrapp i helga, så no kan snart mine vener med småtroll besøke oss, utan at me treng å engste seg for at småtrolla havnar i kjellaren...
Puh...:-)

Tv stoga gjeng det òg framover med.....
Me manglar å dekke til ein vegg,(den skal me dekke med måla plater og nisjer, litt jobb der) legge golv og beise bjelkar, så kan sofaen inn! Jeee!

Litt etter litt, så gjeng det framover ...:-)

Ha ein fin sundag!!!
Smil til deg...

lørdag 3. november 2012

Travle tider...

Tida flyg, plutseleg var det helg att. Ei veke fyllt med møter, kurs, trening, avslutning og mange gjeremål er unnagjort.

På tapeten i i dag ventar feiring av min kjære faddetgut på snart 4!!! Me gler oss til kaker, kos og skravling, med små og store vener... :-)

Snoen er på plass, det er november og definitivt vinter i Vågslid...

Ha ei fin laurdag! Smil til deg:-)

fredag 26. oktober 2012

Fin fredag, hope is limitless...

Fredag, den beste dagen i veka! 
Med desse orda om hope, ynskjer eg deg ei super helg! 

....hope is limitless...

Kos deg og gjer dagane gode!
Smil til deg...;-)

torsdag 25. oktober 2012

På kjøkkenet...

Står denne fine solsikka og stråler på benken... Ein takk for god innsats på jobben og i samband med TV-aksjonen... Koseleg!

Kva driv eg med om dagane? Det har vore litt stille pga sjuke barn...

Det er den tida på året...basillene herjar med alt frå omgangssjuke, vannkoppar og andre virus omkring i bygda... Så ein må berre ta tida til hjelp....Heldigvis er vi endeleg kome i gang att...

Då det er litt å "pusle" med...;-) Me målar litt, arbeider litt og ryddar litt, og slik går nu dagan...

Og, vips, så gjekk det mot helg atter ei gong... Og eg gler meg til morgondagen... venninnefest i morgonkveld, ute faktisk, med gapahuk, bål og fine folk! Gode greier, altså! Men det gjeld å kle seg godt;-)

Vel, fridag. Kose seg ferdig med kaffi, og på tide å gjere litt...

Ha ein fin torsdag!
Smil til deg frå meg og solsikka;-)


mandag 22. oktober 2012

God morgon...

Då var vi i gang med ei ny veke...
Håpar de har hatt ei fin helg....
Her har helga vore regnfull og litt slapp for somme...
...men me har fått gjort litt i TV-stoga då, meir panel er på, så det gjeng framover med veggane...:-)

Den nye veka starta fint...
Ein strålande og stille haustmorgon! 
Vågslid badar i sol...!
...Fin kvit lyng, som pyntar opp i kjøkkenglaset...


Helga vart forlenga med ein dag her heime, då veslegull har drege på seg ein eller ana ulumskhet... 
...Så me måtte halde oss heime frå barnehage og arbeid i dag...

Då får me heller sjå då, om me heller får måla og pusla litt her heime i dag..?

Ha ein fin månag, og ei ei god ny veke!
SMIL til DEG!



lørdag 20. oktober 2012

Følg meg på Instagram...

Eg har vore fan og brukar av Instagram sidan i fjor haust...

Likar denne appen godt, og legg jamleg ut nye kvardagsglimt...
Det er sååå masse fin inspo å hente her! Har du kikka? Vel verdt ein titt...

Du finn meg på Instagram under brukarnamnet kaamyriblogspot...
Følg meg gjerne:-)

Ha ein fin-fin laurdag!
Smiiil til deg...;-)

fredag 19. oktober 2012

Nye lampetter...

For ei lita tid tilbake var vi på vestlandstur for å hente dei nye lampene til huset vårt...
Lampettane, som me hadde bestilt frå Bohus, Odda, dei ser slik ut...
Så fine og tidlause synast eg...

Skjermen passar veldig fint inn her heime, og er i linfarga og grovt stoff....

Manglar å få straum på dei da...
...så det er dårleg med ljos...:)
¨Desse kan ein får i blank, sølvfarga utføring, og du vel sjølv kva for skjermar du ynskjer til...

...Den mørke passa best her hos oss...
 Me har valgt å ha fleire av desse som belysing i hllen/trappegangen nede, og som ljoskilde i gangen oppe...

Ha ein fin fredag, hurra det er helg...!
Kos deg masse, og nyt helga!!!
...Smil til deg...

torsdag 18. oktober 2012

TV - stoge...

Her skal det med tid og stunder bli ei TV-stoge...
Lite minner om  det akkurat no...
Sofaen står klar til å plasserast... 
ROOOT!!!

Og eg lengtar...
....lengtar etter vår Easy sofa i brun natura trekk...
...Laga akkurat slik vi vil ha den...
...Sukk...

For tida er den tildekka av plast, og eit ok bilete er ikkje så lett å oppdrive, 
men vil dukke opp så fort som råd...

Målebenken til måleguri er oppe... 
Kvit interiørbeis,(Lady hvitkalket) målast to strøk på Siljanpanel, før det slåast opp på veggen. 
Ting tek tid når du berre kan måle  max 14 bord til dagen....:)

Det blir ljost og fint...
 ...og passe rustikk, med den fine trestrukturen synleg... 
Det passar godt med litt natur og synleg tre i interiøret her oppe, 800 moh....:-)


Dei brunbeisa karmane, er til dørene oppe. 
Desse er behandla med gotisk patina, ein pigmentert voks frå Liberon. 
Det er same farge som bjelkane i taket er behandla med, samt den eine veggen på gamlestoga...

Gler meg til å vise det ferdige resultatet...
Må forresten få vist dykk badet òg...

I løøøøv my bathrooom! Og eg elskar å kunne dusje heime...;-)
Ha det fint så lenge....!

Torsdag, snart helg...


Torsdag er fridag...
Deilig, slik på tampen av arbeidsveka...
Lade batteria litt før helga....
 Prøve å rydde litt i kaoset, og gjenopprette kontroll over heim og hybelkaniner:..:)


Veka har vore fin så langt. 
Det har blitt litt trening, men lite hus. Det får stå sin prøve denne veka, 
og me får heller prøve å  nytte helg og komande veke betre... 

Det gjeng litt tregt å kome i gang etter arbeid til tider...
Ein skal gjerne lage mat når ein kjem att, ete, og vips...
 ...så er klokka ofte mot åtte, når borna er vel i seng... 

Puh! Synast faktisk ikkje det er like lett å motivere seg til ei måleøkt, 
eller rydde opp i flyttelass då....
 Men det er me vel ikkje aleine om, som småbarnsforeldre og husbyggjarar... ?
Motivasjonen gjeng vel opp og ned...?  

Men no skal den veldig opp! 
Me SKAL ha det klart nok til jol, slik at det vert koseleg å feire jol i nyhuset med svigerfamilien...
...Og ellers ha masse fint besøk av min familie og av venner... 
...DET blir koseleg, det...!

Gårsdagen blei forresten avslutta med den årlege skulebasaren, som er til inntekt for TV-aksjonen og Amnesty...
God gjerning, check..;)

(Me var såvidt heimom, og seint heime etter basaren, så derfor vart det ikkje noko innlegg i går...)

Ha ein fin torsdag så lenge... Nyt dagen!
Smil til deg!


tirsdag 16. oktober 2012

Mørkare tider, Lindform og ljoshus...

Når hausten er godt  igang, og mørkret sig på...
 ....då er det lite som er så kvardagskoselig som det å tenne ljos....


Walther&Co....
 Kven kjenner ikkje desse ljoshusa? 
Ein farsott blant bloggerane dei siste 3-4 åra... 
Mine er framleis med, men dei blir helst henta fram på desse tider...
 ...når mørkret sig på...
'

Har og blitt veldig glad i dei to kvite lyktene frå Lindform-Sweden...
Dei gjev nyyydelig ljos, men får ikkje heilt vist det fram. I tillegg er mønsteret superfint, synast eg...

PS: Kremmerhuset sel nokon i same duren, og til ein rimelig penge... Søt gåve, kanskje? :-)




Kva synast du forresten om den nye urtepotta mi frå blomsterhandelen, Blomen, som du finn i Åmot....?
Kul, ikkje sant? Never på utsida, veldig natur, og veldig min smak!
Denne vil vere fast urtepotte....
 ...Fram til jol i alle fall...;-)

Ha ein nydeleg torsdagkveld...!
Smil til deg:-)

mandag 15. oktober 2012

Måndag, kjøkenkos og snart vinter....?

Ny veke, ny vinter pågang,og ny sno i vente...

Vågslid er påveg inn i vinterdrakta atter ei gong...

Her heime er kjøkenet gjort lunt og koseleg, med gardiner, ny lampe og litt haustlyng...

Ha ein fin måndagkveld og veke, kjære du!

Smil til deg...




lørdag 13. oktober 2012

Å jogge med utsikt...

Ein forfriskande joggetur på formiddagen med denne utsikten, blir aldri feil....
Her snakkar me trening med terapeutisk utsikt....
Sukk...



Alt dette kan eg nyte dagleg frå viduaga heime, heldige meg.....


Utsikt mot vinterfjella i vest....


Ha ein fin laurdag!
Smil til deg:-)

fredag 12. oktober 2012

Goood fredag...

Helga er her, maten er under laging, borna er hos mommo og helga skal utnyttast godt...!

Me snakkar måle, rydde, trene, strikke og førebu oss på vinteren i klesskåpa til liten og stor...
(Klesskåpa??? kleskassene, meiner eg...) ;-)

Note to meg og min kjære, få på plass klesskåpa!!!

Litt treg der eg, gitt...
Men no er nok vinteren strax her, og alle varme klede må fram, intet valg...

Men først litt sofakos i denne kroken...
....kose seg med litt "snop" inntil, det er då fredag...

Ha ein fin kveld, nyt helga!!!
Smil til deg:-)

torsdag 11. oktober 2012

Nydelig dag...

Sola stråler i Vågslid, og snoen blinkar på toppane...
Glansbilete av fjellheimen i dag...

Me har fri, og skal nyte vafflar og glede oss saman med besøk av små leikekameratar!



Ha ein strålande torsdag!
Smil til deg...:-)

onsdag 10. oktober 2012

Onsdagsfilm...


Då er onsdagen snart omme...
Fin dag med litt ulike ting på tapeten, og ei aldri så lita treningsøkt...
God for kropp og sinn...
Kvelden vart avslutta med ein aldri så liten filmframsyning på PC for min del. 
I kveld vart det The Help, veldig fin film altså! Skaffa meg boka for ei god stund tilbake, men endå ikkje kome i gang med den, det skal eg definitivt snart...

"Nye" augnebryn kom òg på plass i dag...
Alltid fint å få rydda litt opp i buskaset som veks over augo.
Dersom det får tida og høve til å vekse fritt, vert det fort ein liten oppryddingssjau...:)
Takk for voksing og rydding, Gunvor Hilde....
 Haukeli Hudpleie gjer ein framifrå innsats på den fronten for mitt vedkomande....;-)

Helluuu....
Slik vart resultatet


Her er forresten buksa eg hadde på meg i dag...
Interessant? Tenkte det, ja:)

Grå bukse, grave fram frå botn av ei brun kasse som har vore stua vekk i omlag 3 år!!!
 Tøffe boots med høge hælar, kaupt i fjor, og dekorert med dagens søyle....
...I dag vart det kryss i taket, nemlig...

Leeeenge sidan den har vore på for å sei det slik, men like fin og grå, det var ho.... 
Litt moro att dei omsider passar att og, trudde ikke det kom til å skje... 
Har vore mange forsøk for å kome hit...
Men etter dei siste månadane, så vips så var eg der...
 ...utan at eg merka det...:-)


No får det bli kvelden...
I morgon ventar besøk til meg og gulla...
Nokon å skravle med, nokon å leike med...
Moro og kos for liten og stor , altså!

Ha ein fin morgondag, gjer dagen god!

Gjespesmiiil til deg!







tirsdag 9. oktober 2012

Tysdagsfrokost med heimelaga brød...

Gårsdagens nybakte brød smaker deilig til frokost i dag...
Slik rett før barnehagelevering av veslegull, besøkhenting til storegull...(ventar spent på besøket...)
-òg før målearbeidet atter ei gong ventar på underteikna...



Brødet nytast best saman med mine to søte små, eit deilig pålegg...
-og ein svært naudsynt kopp med svart gull...
...Kaffeelsk, her altså....!

Oppskrifta på brøda er henta frå bloggen til Maria Skappel.
Det er same stad som du finn oppskrift på Skappelgenseren til liten og stor..
Fin og nyttig blogg altså...;-)




Ha ein fin-fin  tysdag!
Nyt, og gjer dagen god!
Smil til deg...




søndag 7. oktober 2012

Haust i Vågslid...

Hausten er definitivt på plass her i Vågslid... 

Den er vel nesten på hell her oppe i fjellet. 
I dag er det rydding av leiker, litt hønsehuslaging og kasting av diverse uteskrot på tapeten. 
Då slepp vi kanskje å leite etter leiker om snoen skulle dukke opp snart. 
Den har allereie sveiva innom ein tur, så den er nok snart på plass, omlag fire mnd etter den for....:-) 

Ha ein fin sundag!

Skappelgenser...

Då var eg igang...
Strikker på min fyrste skappelgenser...
Målet er tre stk, minst;-) Dei er så fine, og ser så deilige ut...
 Akkurat min smak, oversized strikk, I love! 
Perfekt på hausten og vinteren- og våren;-) 

Ville prøve med ein mindre ein fyrst, før eg tek til på ein til meg sjølv, og ein til storegull. 
Hans genser skulle vere blå, visstnok. 
Får prøve å lage den i ein litt kortare variant, uten det lengre bakstykket, trur det skal gå greitt.... Utfordringa blir å finne passe antall masker, utan at den blir for stor.... På denne genseren bruker eg oppskrifta på genseren til Marias dotter... 
Den finn du på bloggen hennar, saman med oppskrifta på den opprinnelege Skappelgenseren...
Moro å sjå om det blir bra...
OG, om dei vil bruke dei, virkar lovande til no...;-)

Har planer om ein kamelfarga elller kremkvit til meg sjølv, time will show...
Bruker Viking Baldergarn, noko eg hadde liggjande, og som er mjukt og godt for dei små...
...og lett å strikke med...
Wish me luck...:-)

Nyt sundagen!!!!
Smil til deg...;-)

lørdag 6. oktober 2012

Fin laurdag...

God formiddag! 
I dag er ein fin dag til å gjere noko av det ein ikkje rakk eller hadde lyst til i veka...

Shine litt opp i heimen, ta seg ein forfriskande luftetur i finveret, eller nyte ein god kopp kaffe,
 medan du blar i ei fin-fin bok....

...Anemone Ville Våge, Interiørdesign...
Skaffa meg denne flotte interiørboka frå Anemone då eg var i Oslo forrige veke, 
....og den var på tilbud hos Norli, det kan me like, fine bøker til fin pris...;-)

Bloggen har forresten òg fått ei lita oppshining, som du ser. Føler det vart litt lettare å lese på PC og mobil med ljosare farge og denne bakgrunnen, me får sjå...
Håpar du likar det...:)

Ha ein flott laurdag! 
Kos deg og nyt!
Smil til deg:-)

fredag 5. oktober 2012

Rosa sløyfe og Missoni for Lindex...

Hallo igjen, bloggen... 
Tilbake til bloggeverda etter litt hekstiske dagar med møter, besøk og Skienstur...

No var det verkeleg godt med fredag, kos, og haustferie....!
 ...Kosar du deg...?

Det gjer eg...:) 
Ferie, men kun nokre få planer for helga... 
Godt med ledige helger, lenge sidan. 
Kanskje eg rekk trene litt og...?
 Ferien ser og temmeleg roleg ut, berre nokre jobb og hus-gjeremål på tapeten løpet av veka...

 Det er no sikkert og visst at me skal slappe av og kose oss denne veka... Hi, hi...


Gode nyheter forresten, (for dei som kjenner familien)...!
Pappa har i løpet av veka flytt frå Riksen til Skien sjukehus - og HEIM!
I dag kom han endeleg heim, etter 6 veker på sjukehus!
Sola strålte på fleire vis for oss i familien i dag...:)


Eg og mine to små rakk ein liten besøkstur til Skien i går. 
Småtrolla hadde òg behov for litt klespåfyll, så litt handel vart det...
 På runden på Herkules kom eg over dette fine armbandet frå
Missoni for Lindex...

 Lindex deltek i Rosa Sløyfe aksjonen-til støtte til inntekt for brystkreftsaken...
...Oktober er Rosa Sløyfe månad...

For den nette sum av kr 100 kunne ein få eitt søtt lite skinnarmband. 
50% av inntektene gjeng altså til Brystkreftsaken/Rosa Sløyfe aksjonen. 
Lindex hadde mange flotte og søte produkt, til inntekt for dette formålet.
Fine gåver òg, og det kan no vere ekstra koseleg å gje vekk noko som er meiningsfyllt, 
og som støtter eit svært godt formål!!!

Vel...
No er sofaen okkupert, losa er tende og pleddet på plass...
Kjensla av ferie og helg...
den er alltid god å kjenne på...

Kanskje eg rekk å strikke litt på ein Dorthe-genser i løpet av ferien...?
 Dei er såå fine, og eg har veldig masse garn liggande, så det er berre å skride til verket....

...Ferietid, haust og strikketid...
...Kjenner det skal bli deilig...

Kos deg på det som er att av fredagen...
Nyt, og gjer morgondagen god!

...SMIL TIL DEG...




lørdag 29. september 2012

Vakre, våte Vestlandet...

Laurdag og bilblogging :-)
Familieliv og familiekos....

Vi er på tur til Odda for å hente lampene vi bestilte til huset, hurra:-)


Gler meg til å få dei opp, og til å vise fram resultatet...
I kveld vert det måling av TV-stoge, må bli ferdig snart;-)



Ha ein fin laurdag!

Nyt helga, folkens...
Smil til deg:-)