torsdag 28. juni 2012

Sola skin....

...og eg er så glad...
...Litt nytt, litt gamalt og litt mat...
Endeleg ein smak av sommar her i fjellet...
Nyt du den ute kanskje?

Her er det litt inn ut, hit og dit...
Eg ryddar, kastar, og rotar om dagen...
Det er tidkrevjande, men du verda kor mykje rart og artig ein finn...
(.... KREMT, òg kor mykje SKROT ein sparar på...)
Søt peanøttflaske, som eg har funn fram blant rot, skrot og gamalt arvegods....


Eg har på nytt gått gjennom nokre kasser med ting som eg har arva etter oldemor og mi kjære bestemor.
Desse har stått på lager leeenge, og det var atter ei gong, ei fornøying å kikke/rydde litt ut av dei.

Eg har mellom anna trylla fram eit gamalt Figgjo middag -og kaffeservise,
 (som eg skal vise seinare ein dag)
samt  fleire små artige flasker og figurar, nokre fat og ein stilig vase.
...MORO...

... Lotuslykt, frå Kremmerhuset...
...dei skin så fint...

I tillegg til alt dette,
 hadde eg ei kasse med ulike gamle bøker...
Eg kan mellom anna skilte med ei make-upbok frå tidleg 90-tal, samt ei livsstilsbok...

Hi,hi... 
Vil kome tilbake til desse flotte bøkene i eit eige innlegg
om makeup tips ala the 90's, då sjølvsagt med flotte bilete...
YEY!


NYT SOLA OG SUMAREN, KJÆRE DU!



onsdag 27. juni 2012

Hmmm.... mystisk...?

...eg hadde då på bordet ein bolle fyllt med netar...
...MEN...

VIPS!
Så var bollen tom...


Lurar på kven som har vore på ferde..?

mitt fyrste (og einaste) spor er ei RÅSA Hello Kitty veske, 
som er open og plassert på ein lur stad, 
der ingen skulle tru ei veske kunne bu....
Lat oss ta ein titt...
NÆH...!
Der var dei, alle i hopes, saman med ein rosa telefon, eit spenne og litt ana naudsynt stæsj...
...Kjekt med nyste når ein driv og leikar hytte...

:)

Ha ein strålande dag!


mandag 25. juni 2012

Viktig melding....

...om du skal vere lenge på ferie kan det vere greit å...
HUGSE TAMPONGAR!!!
Bilete: Hugs tampongar på ferietur! http://instagr.am/p/MTHEosFare/
...hi, hi...
...Ein komisk augneblink, som dukka opp når eg var ute eit ærend i dag...


...My kind of humor...
:-)
Ha ein fin kveld!




Store klokker... ME LIKE!

er i vinden som berre det i interiør og bloggeverda.
 Klokker er å finne overalt, og i alle prisklasser, no om dagen.... 
 Ein kan finne det blant dei større kjedene, som t.d Kremmerhuset, 
til i dei mindre livsstil - og/eller nettinteriørbutikkane...
Dei er berre knalltøffe på ein stor vegg, 
for eksempel over sofaen, i ein gang,
 eller kva med på kjøkkenveggen?

 Om det  ikkje er så originalt å innreiie med klokker no om dagen,
 så er det uansett lekkert å sjå på, synast eg....
....DRØMME...
Desse to stilige klokkene, som du ser på bilete, 
dei kan du finne på den lokale interiørbutikken, Hus og Heim...
...ÒG...
ikkje berre er dei stilige, men dei har jo ein pris som er lett å like, 299,-
I tillegg til desse to klokkene, finn du fleire med andre typer design,
så her er det litt å velge mellom...
Lekker, med ein vintage, slitt look... 

...Sjølv har eg falle for den svarte...
Kva er din interiørfavoritt om dagen, er det store klokker, kanskje?

Ynskjer dykk ein tipp-topp måndag, og ei flott veke!

LYKKE & GLEDE TIL DEG :)

søndag 24. juni 2012

Matlykke...

Ooo' deilige sundag...
...Vaksensmoothie...
...Me har kosa oss med lang og god sundagsfrukost... 
Avslappande, og ikkje minst ein god start på vekas siste dag.
ikkje sant...?

Ville berre dele ei lita oppskrift med dykk...
I blant er det godt med ein smoothie til frukost eller mellommåltid...
(funkar særleg om morgonen om ikkje matlysten er heilt på topp...)

Denne er ein av mine favorittar...
(vaksensmoothie)

1 banan
5 -10 isbitar
ca ei spiseskei vaniljekesam
litt mjølk, eller biola naturell, ca 1,5 dl
ein neve mandlar( el valnøttar)
Og ca ei teskjei med espressopulver, eventuelt ein liten kopp med avkjølt espresso
(reduser melkemengda litt, om du brukar "ekte" espresso)
Denne oppskrifta høyrest kanskje litt rar ut, men den er så goood, for vaksne altså...
...Litt søt, nøtteaktig, og med ein heilt naudsynt dose kaffe, slik på morgonkvisten...
...ENJOY...

...mmmmm...
...Til mellommåltid, og som ein aldri så liten helgekos, kan det smake godt med
ein kopp kaffe
 i selskap med gode kjeks og smakfulle ostar, som er toppa med valnøtter i honning....


...DET er MATLYKKE det....
NAM!

Ha ein deilig sundag alle saman!

Masse LYKKE & GLEDE til DEG!



lørdag 23. juni 2012

Stogekroken har fått litt stasj...

God laurdagsmorgon...

...Då har eg omsider fått ordna pittelitt i den eine stogekroken
...Me har nemleg ikkje lagt golv overalt endå, så det er ikkje så mykje meir eg har klart endå... 
...Men det kjem...

...Litt etterlengta pynt har kome fram frå kassene...

...Omsider fekk me på plass ein ny sofa, nytt bord, litt pynt og SJØLVSAGT nokre nye puter... :)


Skeia heilt ut med ein ny blom òg her om dagen...
OG det er IKKJE ein Hyasint
(Som eg i full fart skreiv, KREMT... hyasinten er vel ikkje så lik denne blomen:))
...DETTE ER EIN HORTENSIA SÅKLART! 
Dei er så fine, men kan vere vonde å halde liv i, særleg viss du, som  meg, ikkje hugsar å halde dei jamt fuktige(les; vatne dei :)...)
...Så har du nokre gode HORTENSIA-tips, del dei gjerne med meg... 

NÆH!!! PUTUR, HER, I SOFAEN???
 KVAR skal ein sitje tenkjer du kanskje? 
( I ALLE  FALL OM DU ER MEIR AV EIN MANNLEG ART)
EASY PEASY, berre å flytte dei litt te sides det DÅ...! 
Eller, gjer som meg, sit sidelengs, altså med halve fuballen/sida innpå.... :) 
Ser ikkje akkurat lekkert ut, men det funkar for ei lita stund i alle fall!

JEPP...!



Slik er då førebels... her i stoga i Vikje.... 
Litt pynt, mange puter, ingen gardiner, ingen veggpynt...
MEN; det er då betre enn ingenting pynt, ikkje sant...? 

:)

...Ha ein formidabel laurdag, med eller utan regn...

GLEDE & LYKKE til deg og dine...

fredag 22. juni 2012

Fredagslykke, det kan vere...

...å nyte lukta og synet av ein sjølvplukka bukett med Liljekonvall...
...Kvardagslykke...

...Eit lite stykke lykke, som eg finn rett utanfor huset...


... Fredag & sumarlykke,... 
...til og med på ein "blåsbortdag"...


... Fredagslykke kan òg vere ein deilig lunsj...
...laga på smakfulle råvarer...

...Etterpå kan du lene deg tilbake i stolen, medan du nyt ein aldri så liten latte til dessert...

...Dette er nokre glimt av det som kan vere fredagslykke for meg...


...Små ting, store gleder...


....Ynskjer dykk ein framifrå start på helga, kjære lesarar...


...MASSE LYKKE & GLEDE TIL DEG...

Slik går nu dagan...

...jepp...

Håpar din fredag er
 ...fin, finare, finast...!

....Det er atter ein gong...
...den beste dagen i veka...


Tjohooo!

torsdag 21. juni 2012

Masse inspirasjon hos Pottery Barn og Willams- Sonoma...

....Då eg budde ei USA ein lita tid, for ein del år tilbake, oppdaga eg eit par kjekke butikkar... 
Mange har høyrd om dei no, men det er likevel verd å tipse om, sidan dei òg sender til Noreg...
...Willams-Sonoma og Pottery Barn...


Wine & Cheese
...Mmm, ost kjeks og vin...
...Eit lite stykke lykke...
Bilete frå Pottery Barn

...Det er lett å draume seg vekk hos dei... 
Her finn ein mykje lekkert til kjøkken, stoge, bad, og ikkje minst til soverom, for både liten og stor. 
Særleg Pottery Barn, har mykje lekkert til barnerommet.... 
På Williams Sonoma  finn  ein alt mogleg til å kunne bedrive kjøkkensyslar! 
...så om du trivast med kokkelering og baking, kan du finne mykje snasent og lurt der.... 

... ÒG...

... ikkje minst...
...NOKO som du heilt sikkert plutseleg har bruk for...! 
Ikkje sant, hi, hi :-)

...ELLES...

...Kan du finne mange  gode tips/råd, inspirasjon og oppskrifter til ulike temafester, borddekorering, o.l på desse sidene...
 ...
...Eller kva med å klikke heim ei lekker bryllaupsgåve, som truleg ingen andre dukkar opp med i bryllaupet...?
(...Forresten, Pottery Barn har 50% avslag på frakt om dagen...Kjekt å vite, berre slik i tilfelle lissom...) 



Alle bileta er lånt frå Willams-Sonoma og Pottery Barn sine sider, og dei finn du her:


...Her er det berre å lene seg tilbake for å nyte....

POTTERY BARN

Housewarming Party
Tips, om ein ynskjer å halde inviingsfest i nytt hus... Hmmmm...;-)
Bridal Shower
...Nokon skal kanskje arrangere eller delta i utdrikkingslag for ei nær og kjær veninne i løpet av sumaren...
...Kva med å dekke til eit lekkert frokost/brunsjbord...
...der ein kan nyte godt selskap, god mat og ørlittegrann sprudelvatn, før ein lang dag med mange aktivitetar tek til.... ?
(Alle bilete bilete kjem  frå Pottery Barn)



HOS POTTERY BARN KIDS

...kan ein finne mange nydelege barnerom, leikerom og babyrom...
... og ikkje minst mykje inspirasjon og tips til innreiing...
Bileta er henta her: http://www.potterybarnkids.com


                 

....Nydelege rom, alle saman...
(alle bilete frå Pottery Barn, kids)


WILLIAMS-SONOMA

...Kjøkken og matsiden, med mykje nyttige tips, oppskrifter og utstyr...
(i tillegg linkar dei òg rett til Pottery Barn sine sider, kjempekjekt...:)
Cupcakes Cookbook
...Er du av dei som har kasta deg på Cupcake-bølgen..?
...Då har Willam Sonoma ei eiga side som passar perfekt...
...The Cupcake shop...
Her finn ein videoar med dekoreingstips, bakeutstyr og diverse bakebøker...
....ÒG...
...er det nokon som kan Cupcakes, må det no vere amerikanarane...:-)
(bilete frå Williams-Sonoma)


 
...lekkert...
...Mykje fint å finne på Willams-Sonoma Home...

... Forresten...
Dei har opp mot 50% avslag og sommarsal,samt avslag på frakt, berre så de veit det òg lissom...:-)



Håpar du kosa deg og hadde nytte av mine tips... 
....og at du ikkje blakkar deg før sumarferien...:-)

Sidene er verdt eit besøk altså, om enn berre for å få litt tips og lekker inspo...
JEPP;-)


(om nokon lurar; eg får ikkje vekk dei kvite stripene bak teksten, anar ikkje kvifor...hi, hi.. :-) 
(Men eg har prøva iherdig...)

Ha ein strålande dag...!


...Kos deg vidare, me bloggast...!


onsdag 20. juni 2012

Har du vore på Hovden Alpin Lodge?

...Visst ikkje, då er det verkeleg verdt å ta turen dit ein kveld, i løpet av hausten/vinteren...
...Gjerne saman med gode vener, eller kva med ein avslappa kjærestekveld....?

Då eg feira min 30års dag tidlegare i år, vart eg overraska med eit brev om at eg måtte vere klar til å ut på vift innan ein time! 
Oh my! men eg rakk det... :-)
Òg på døra, ein time seinare, møtte ein gjeng med gode veninner opp. 
Dei ville gjere stas på meg, med sprudlevatn, sjølvlaga krone og strålande humør, samt ein betre middag... 
...Kor den betre middagen skulle inntakast, visste eg lite om... 
Men, tilslutt viste det seg at turen gjekk til fantastiske Hovden Alpin Lodge, som ligg omlag 30 minuttars køyring frå heimstaden vår. 
Omgjevnadane, maten, atmosfæra...alt..
...SUKK... 
...Det var ein perfekt kveld...
...Heldige oss, som har dette i nærleiken....


Berre sjå sjølv....



ALLE BILETE ER LÅNT FRÅ HOVDEN ALPIN LODGE SINE HEIMESIDER!
HEIMESIDA DEIRA, DEN FINN DU HER:http://www.hovdenalpinlodge.no
hovdenalpinlodge-21
....Innbydande inngangsparti...
 ...vakkert...

hovdenalpinlodge (7 of 12)
...Den vakre hallen, som møter deg når du kjem inn...


hovdenalpinlodge-20
....Det er lett å nyte eit betre måltid i slike omgjevnadar...
...Og med ein flott utsikt, både på dag -og kveldstid...

hovdenalpinlodge-17
...Stilige retro skibilder, som passer inn i skilodge stilen...



hovdenalpinlodge-13
...Eit lite lesehjørne skaper ei lun og koselig stemning...
 ...frå ein bokelskars perspektiv i alle fall... 



hovdenalpinlodge-18
...Mykje grovt tre... Me like...


hovdenalpinlodge (8 of 12)
 ...Vakkert...


hovdenalpinlodge-14
...Lett å like, akkurat min smak...


hovdenalpinlodge-16
....Flotte lamper over bardisken....DRAUME...

Desse bileta gjev i alle fall meg mykje inspirasjon...
...Den lune Lodge/cottagestilen passar, etter mitt syn, midt i blinken til eit hus eller ei hytte på fjellet... 

...Sukk....

...Ha framifrå onsdag, kjære lesarar... :-)

Tudeluuu, som vanleg... : )

Picasa...

Eg prøver meg fram med bilderedigering på maskina. 
Eg har brukt Picasa litt før, men det var ei stund sidan merka eg...

Er framleis sofaslitar, antibiotika tek ikkje knekken på øyrebetennelsen, kvalm(pga medisinen), slapp i kroppen og vondt, blæh...

...Då er det i alle fall greitt å ha noko å pusle med...

Ikkje sant...?


Artig å eksperimentere litt....









...Nytt innlegg, med interiørbilete frå ein fin-fin plass eg har vore på, kjem i kveld...

....Følg med...:) 

Takk for at de deler bloggen min, det set eg veldig pris på, 
....Glad for om de held fram med å dele.... <3

....Ha ein super onsdag alle saman.... 

tirsdag 19. juni 2012

Atter ein slapp dag...

Formen er framleis ikkje med meg, og ein ny dag har blitt tilbrakt på sofaen...

Åtgaum
...saman med utleste, men framleis like vakre, interiørblad...

...kryssar fingrane for at formen kjem seg snart...
(turkis DS etui i bakgrunnen, var ikkje ein del av planen, hi, hi...:)

...slik at eg kan rydde, dille og fikse litt rundt omkring...
...òg få tatt litt nye bilete...

...Bileta eg har lagt ut dei seiste dagane, er berre frå ting som er i umiddelbar nærleik...:)

...

Ynskjer dykk alle ei fortsatt fin veke, og ein god måndag ettermiddag!


Tuddeluuu, om enn på ein litt mindre sprudlande måte...:) 


Hi, hi...