torsdag 7. juni 2012

Det er torsdag,...

....og kva skjer på ein heilt vanleg torsdag...
... i junimånad, i Haukeli...?


"Førebels trimmar eg ved å lyfte nokre potter med Margerittar inn og ut"

Jau... då inntek gartnaren frå vestlandet, fjellbygda...

... til yngre og eldre damers store glede... 

"Ei vakker og velluktande Duftranke har fått plass  på kjøkenet. Den har reist den lange vegen frå vestlandet til Vågslid, via utsalget ved Esso!"


...Endeleg, no kan me atter ei gong meske kønn i blomar...
...og me kan plante...
... dusinvis av velluktande skattar, som framleis høyrer heime i varmare strøk...


...for så å bere dei inn og ut i eit par tre veker, sø ikkje "klakjen" skø ta dei...!

...Og me tenkjer...

"Jaa, fe de æ no lissom sommaren au då! Tiss lissom ein må hava litt blomar rundt seg ute no, sjavt om det æ litt kaldt ændå...." (fe de æææ kaldt hera uppe i mai/juni, æresord!)

 .....Å huuu! Det æææ sø koseleg att!....

.... tenkjer du, der du fer inn på din ørtiande runde...
... med 20 kg tunge blomseterpotter, fyllt til randen med lekakuler, jord, pyntestein, blomar og anna naudsynt mikkmakk, klokka halv elleve om kvelden....

...All denne hasardiøse styrketreninga, alt i frykt for at nattefrosten skal setje sine djupe spor på blomane frå vestlandsgartneriet.....

...Takk for all mosjon...
... du trufaste junifrost! Takk. for at du kvar år gjev oss ein eksta push på styrkefronten, slik rett før bikinisesong, og akkurat i høveleg tid til dei etterlengta blomane frå vestlandet er på plass ved Esso....

Ha ein blomstrande dag, min kjære lesarar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar