torsdag 28. juni 2012

Sola skin....

...og eg er så glad...
...Litt nytt, litt gamalt og litt mat...
Endeleg ein smak av sommar her i fjellet...
Nyt du den ute kanskje?

Her er det litt inn ut, hit og dit...
Eg ryddar, kastar, og rotar om dagen...
Det er tidkrevjande, men du verda kor mykje rart og artig ein finn...
(.... KREMT, òg kor mykje SKROT ein sparar på...)
Søt peanøttflaske, som eg har funn fram blant rot, skrot og gamalt arvegods....


Eg har på nytt gått gjennom nokre kasser med ting som eg har arva etter oldemor og mi kjære bestemor.
Desse har stått på lager leeenge, og det var atter ei gong, ei fornøying å kikke/rydde litt ut av dei.

Eg har mellom anna trylla fram eit gamalt Figgjo middag -og kaffeservise,
 (som eg skal vise seinare ein dag)
samt  fleire små artige flasker og figurar, nokre fat og ein stilig vase.
...MORO...

... Lotuslykt, frå Kremmerhuset...
...dei skin så fint...

I tillegg til alt dette,
 hadde eg ei kasse med ulike gamle bøker...
Eg kan mellom anna skilte med ei make-upbok frå tidleg 90-tal, samt ei livsstilsbok...

Hi,hi... 
Vil kome tilbake til desse flotte bøkene i eit eige innlegg
om makeup tips ala the 90's, då sjølvsagt med flotte bilete...
YEY!


NYT SOLA OG SUMAREN, KJÆRE DU!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar