onsdag 11. juli 2012

Nye bilete frå 2. etg...


Her kjem bileta frå 2. etg atter ein gong...
Mista, som eg skreiv her om dagen, innlegget som handla om 2. etg.
Hadde altså hatt ei lita bloggepause fram til førrdagen, pga at eg har drivi og rydda, kasta, sortert 
og merka det av flyttlasset, som  endå ikkje er komen på plass.
No har me i alle fall litt meir system... 
DEILIG...


INFO OM 2. ETG:
I 2. etg har me ein god og romsleg gang , med inngang til fem soverom, der to av desse er gjesterom, 
i tillegg til eitt bad og eitt leikerom. 
Veggane i gangen er måla i vanilje, taket er beisa i hvitkalket interiørbeis. 
Bjelkane er behandla med gotisk patina.

Litt pynt er på plass, så klart. Fake oliventre frå Hus og Heim, paljettputer, frå HM Home.
Ein sau (i teppeformat), slappar av i ein gamal korgstol frå tenåra.
Austeninspirerte lykter, frå Casa interiør.
I tillegg ser de litt av gangen, med rot, skrot og fancy byggelampe...
... og eit uferdig klesskåp, som sjølvsag stend ein annan plass enn der det skal... :)
Ei gamal madrass, gjer førebels nytta som veslegull si gardin :)
Etterkvart som eg har pakka om og rydda, har eg òg fått pakka ut litt.
2. etg er delvis klar, men me manglar å liste, gjere ferdig nokre rom/bad, samt setje inn nokre dører.
(som må beisast fyrst) Men det me treng av rom for oss fire, det er på plass.
I sjølve gangen har me tenkt å ha ein liten "kontorkrok."(der som korgstolen står)



Av dei fem soveromma, er det to som ikkje er klare, det er mitt og N sitt, i tillegg til eit gjesterrom, 
som per no er vårt lagerrom for flyttelass.
Det planlagte soveromet til meg og N, har walk in closet og direkte inngang til eit planlagt bad. 
Gler meg til å  få dette klart. Førbels er det eine gjesteromet vårt rom.
BEHIND THE SCENES:
Rot, skrot, uferdige rom og golv, og kasser i haugevis.
Men det ser faktisk mykje betre ut no , enn for ei veke sida :)


Me ville òg ha eit lite leikerom her oppe, for å kunne plassere mesteparten av fellesleikene der.  
Eg hadde mest lyst til å ha berre eitt rom å rydde leiker på, enn fleire... :)
Her inne har me òg sett inn eit lite TV til å bruke til TV-spel og film. 

Expedithylla har fått ein omgang med Marrakesh farge.
Nokre korger i lin/tøy, gjer nytta som oppbevaring av diverse leiker, frå HM-Home.
Den gamle trekassa har eg fyllt med Duplo, lett tilgjengeleg, og lett å rydde vekk...
 På toppen er det ekstra sitjeplassar, i form av knappeputer frå HM-Home,
 og eit lita svart ei, frå Ellos Home.
Sofa, frå studenttida er i bruk att, fyllt med masse puter, sjølvsagt.... :)


Ungane har kvart sitt rom her oppe, med litt "hjørneskråtak" og ein koseleg sovekrok. Romma ligg på kvar si side for leikerommet. Alle soveromma oppe er måla same fargar. Vanilje på veggane, med ein fondvegg, som er beisa i valnøtt. Tak er måla i eggekvitt. På romma til ungane er det bjelkar i taket som er behandla med gotisk patina(voks), same behandling som dørene skal ha.

Bileta under, syner rommet til veslegull.
Søt vimpel frå Hus og Heim.
Englevinger, boks og bokstavar frå Panduro.  Dådyr frå Kremmerhuset.
Det vart eit koseleg snupperom...
Eigaren av romet vart strålande fornøgd med rommet sitt...:)

Sengehimmel frå Princess, sengeteppe og lappeputer frå Greengate.
Runde puter, Ellos Home.
Saueskinn på golvet, frå Ellos Home.
Senga er ein nyopppussa sengebrisk, som ungane fekk kvar sin av, frå bestemor si og sambuaren, då me flytta inn.
Fiks ferdig, med måling(eggekvitt) og madrass, det sette me stor pris på.

Rommet til storegull er ikkje heilt klart endå(fleire bilete kjem), og det er litt dårleg ljos der no, 
så her vart det berre litt bilete frå senga.
Same seng som veslesyster, med sengeteppe frå Bohus og lappeputer frå Greengate. 

Ha ein fin onsdag!!!

GLEDE OG LYKKE TIL DEG!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar