tirsdag 21. august 2012

Her er gamlestoga....

Då var turen komen for ein liten titt på arbeisprosessen i "gamlestoga"...
Det har tatt si tid....
Stoga blei skura, støvsugd, grunna og måla i påska.
Me la nytt golv i ho no i sommar, same som i resten av etg.
Nyleg kom spisemøblane òg på plass...
Litt att å gjere her inne, men det kjem seg....
Ferdig måla, men har enda opp som mellombels lagerrom....
Her må det ryddast!

Veggar i vanilje, tak i eggekvitt...

I dette holet stod det eit glas, men no skal det bli hyller til vinglass og anna stæsj, tenkjer me...:)

Tak og veggar.... 


Bord, frå Møbelringen i Etne

Stolar, frå Møbelringen i Etne

Golv pågang...



Golvet er på plass...HURRA!

Golv; Boen eik Alamo, frå BM i Seljord.
I løøøv it!!!

Møblar på plass, eitt skritt nærmare...

Snart er ho klar til bruk....
Her inne skal me kose oss med familie og vener på middagsbesøk....
Eg gler meg!!!

Ha ein fin kveld!

mandag 20. august 2012

Nye joggisar og spirulina-tryllepulver...

Hey! 
Nye sprigesko, og eg er snart i gang....
Tipp topp på foten virkar dei som, prøvegjekk dei litt på arbeid i dag. 
Fine var dei og;-D 
Motivasjon og energi til å trene, kjem sakte men sikkert attende. 
Spirulina folkens, det må vere naturens tryllepulver, makan! 

Eg er frelst, og ventar no på å prøve resten av magien, som i skrivande stund er på veg til meg frå Iherb/USA. Grønn og fæl ser den ut, men drikken gjer underverk:-) tjohooo! 

Ha ein goood kveld, og ein topp veke!


Kos deg, det er viktig...:-D

søndag 19. august 2012

Sundag, sol og sofamorgon...

Lykke på ein sundag er å nyte familiefrukost, og dette til "dessert".... Espresso og nytt blad, er sjeldan feil;-D Nyt dagen slik du likar best, det er det som er sundag...

KOS DEG!

fredag 17. august 2012

Mr. Funnyguy...

Han bur her i heimen...
i blant dukkar til dømes slike episodar opp...
I løøøv him :-D 

Har du ein funnyguy, eller lady i heimen, kanskje?
Heldige oss, i så fall;-D

Ha ein fiiin laurdag, kjære deg!

torsdag 16. august 2012

Hels på naboen...

Rett utanfor, der bur desse sju krabatane. Tri kule karar, med sine fire fruer. Her ser de dei alle: Shanticlar(direktør i eldhuset) Åsmund(nestleiar), Felix(under opplæring) & dei fire tuppune Selma(kommandora), som er i tuppeselskap med, Dora, Jenny og Haldis. Ein fin og snill gjeng, som sprer mykje glede blant liten og stor her i Vikje...
Og litt egg håpar eg så klart på...
og kanskje nokre kyllingar etterkvart? Kven veit? :-)


Ha ein fin-fin fredag, alle saman!
Tjohoo, det er helg:-D

Heldige me...

Som har fri på torsdagar, og kan ta oss tid til å lage heimelaga kjøttkaker. Det er ikkje ofte på torsdagsmenyen her i huset, reine sundagsmiddagen:-D

Mmmm...
Ha ein fin torsdagskveld!

Kos deg

mandag 13. august 2012

God morgon...

Ynskjer dykk alle ein fin måndag og ei fin-fin veke! 
No er det strax dags for arbeid. Det er alltid hyggeleg å treffe kollegaer etter ein lang ferie:-)
Kos deg med kaffien no på morgonkvisten...
Deilig...

Og kanskje med ein smoothie laga på bær, ei halv banan, litt spinat, litt eple og ein dæsj med havremjølk. Topp gjerne med litt nøtter....
Dette er deilig frukost, særleg etter å ha hive i seg eit glass med knallgrønn spirulina;-)

Tjohoo! Ha det fint og kos deg!

søndag 12. august 2012

Frokostvaffel...

...laga på havregryn og grovt mjøl, det smakar topp for to små gull på ein sundagsmorgon...
(fri for sukker, så sunne er dei og...)

Sola skin i dag au, på min siste fridag!
LYKKE!!!
Kos deg MASSE...:)

lørdag 11. august 2012

Nytt frå hus...

God morgon alle! Det er soool, deilig!!!
Dagen skal brukast til måling og rydding ute og i kjellaren.
Det blir godt!
No har me fått ordna litt i "gamlestoga"(spisestoga) her i huset. 
Golv er lagt, og møblar har kome inn, men me manglar listing rundt omkring, og utforing av vindauget.
Men det kjem etterkvart:...


Spisestolar og bord frå Møbelringen i Etne...
Veggane er måla i vanlije, tak i eggekvitt. Lister og utforing vil òg vere eggekvite, når dei kjem på plass.

(Litt vanskeleg å ta OK bilete i motljos, særleg på ein solskinnsdag.
Eg får heller ta nye litt seinare ein dag. Her er førebels resultat i alle fall...)

Litt koselegare å setje seg i sofaen når ein kan sjå på dette, istaden for rot..;-)
Gler oss til å nyte sundagsmiddagar og jolemåltid saman i dette koselege romet, det blir fint...
I tillegg er det moro å ha den gamle stoga innebygd i huset, som eit røft innslag,
og eit fint minne frå huset som opprinneleg stod her....

Ha ein strålande laurdag!
KOS DEG!!!

onsdag 8. august 2012

New me...


God formiddag folkens... 
Har de hatt nokre fine dagar sidan sist?
Her har det vore litt av kvart på gang. Golv har blitt lagt, vore på besøk og badeland og hatt litt besøk. 
Det er familiekos det! 
Fine dagar altså...:)

Sjølv er eg i gang med eit lite prosjekt, av ulike grunnar, 
og eg håpar at dette er noko som skal gje gode resultat... 
Eg har sett i gang med DETOX!
Veit det er mange som har gode erfaringar med dette, og håpar det skal bli ein suksess for meg òg. 
Det var på tide å nullstille kroppen, rense ut og starte på nytt. 
Det gjer nok susen, eg har trua i alle fall...


No er eg godt i gang med å drikke sunne og næringsrike smoothies av grønnsaker,bær og frukt, 
samt masse vatn. 
Og for å vere ærleg, dei fyrste dagane har ikkje vore noko særleg, fysjameg! No more details needed! 
Null kaffe, sukker, svart te, brus og fast føde på mange dagar...
(Sukker og brus er ute for ei lang tid no...)
 Men, no føler eg meg mykje betre, håpar det held seg slik.
I  tillegg har eg tenkt å prøve ut nokre av Pukka sine superfoodsprodukt, mellom anna Clean Greens og Spirulina og nokre av teane. Har de prøvd noko av dette? Blir spanande å erfare om det er så supert som det skal vere, kryssar fingrar for det :)

Etterkvart vil eg attende til det "flinke kostholdet," som eg brukar å vere på. 
Dette kostholdet er veldig inspirert av lavkarbo, der eg kuttar gluten, stivelse(ris/pasta/potet/brød), fint mjøl(eller mjøl i det heile, faktisk) sukker, mjølk. 
Eg erstattar med masse grønt, bær, frukt, ostar, heimelaga knekkebrød, proteinrik mat, samt annan mat som er laga frå grunnen av, på reine og sunne råvarer utan tilsetjingstoff og masse sukker. 
(Ingen egg,bacon og majones og sause fråtsing her i gården altså, som somme trur lavkarbo dreiar seg om)
Det skal bli godt for skrotten, rett og slett.... 

Dei dårlege rutinene, som kom med flytting og hussjau, skal vekk. 
Skriv nok litt om Pukkaprodukta, når eg ser om dei er "supre"...:) 

Så, må det trenast litt au da, både styrke og kondis...
Å kome i gang med jogginga/trening igjen, det hadde vore topp, og er eit mål.
Men me får ta små skritt om gongen, så ser me om ein mnds tid, kor mykje jogging/trening det er då ...:)

Dersom du er nysgjerrig på kostholdet og mine tankar omkring dette i forhold til kroppen,
 eller ynskjer meir info/tips, så kan du gjerne ta kontakt på mail, eller via melding på Facebook. 
MEN!
Eg er ingen helseekspert, altså!! 
Har berre gjort meg mange erfarningar, og lest meg opp ein del på emnet, gjennom dei siste ca. 8 åra. 
(utan at eg skal kome meir innpå kvifor her) 

Kanskje kan det vere eg har nokon tips, eller nokre littaraturanbefalingar, 
som kan vere til nytte for nokon andre og? 
...Eller kanskje du har nokre erfaringar og tips du vil dele med meg, det set eg veldig pris på.

Ha ein fin fin dag alle saman! ONSDAG alt, ikkje lenge til helg!!!

KOS DEG!

mandag 6. august 2012

På ein grå dag...

Passa det perfekt med eit besøk til Edland Hud og Fotpleie...
Der vart det fransk manikyr på neglane...
og voksa bryn...
Det er luksus for mor det, 
...og det på ein måndag!

Ha ei fin kveld og veke!

fredag 3. august 2012

Morgonstund...

Er "GLAM" i grunn...!
Ser slik ut på dette "styla" biletet...:-)


Livet er godt...
Me nyt siste rest av ferien med syskjenbarn-overnatting, lang avslappa frukost...
...og...
...gler oss over at min kjære legg golv, moro for dei små å hjelpe...
...òg, motiverande for oss å sjå litt framgang i huset.
 Betonggolva må vike for endå meir eik, juhuu!

Gjeng inn i den siste friveka...
...og snart er det dags for arbeid, litt godt å kome inn i rutiner att, for liten og for stor, vanedyr...:)
Her i huset har me ein skulegut og ei jente som skal på stor bhg.avdeling...

Klisjè, men tida flyg fort...
 Plutseleg er det som virka så langt fram i tid for 6 år sidan, berre ei lita veke frå oss....
Moro å sjå kor motiverte dei er for å ta fatt på ein litt ny kvardag, om det er skule eller barnehage...:)
Og, ikkje minst, så er det utruleg godt for mamma og pappahjarta, å vite at dette er noko dei gler seg til!
Søt stjerneskål, Rivera Maison. Lita teljos-lykt frå House Doctor... 

Den fine lykta gjev koseleg stemning rundt bordet, særleg på ein grå morgon...
Halvor Bakke for Lama


Det er fredag og helg, og den skal nytast i fulle drag med mine kjære,
 ....og litt diverse gjeremål....
Alltids noko å drive med her, kremt...:)


Håpar eg kan vise litt nytt som er gjort over helga...


Ha ein fin-fin fredag og ei topp helg!


KOS DEG!