fredag 3. august 2012

Morgonstund...

Er "GLAM" i grunn...!
Ser slik ut på dette "styla" biletet...:-)


Livet er godt...
Me nyt siste rest av ferien med syskjenbarn-overnatting, lang avslappa frukost...
...og...
...gler oss over at min kjære legg golv, moro for dei små å hjelpe...
...òg, motiverande for oss å sjå litt framgang i huset.
 Betonggolva må vike for endå meir eik, juhuu!

Gjeng inn i den siste friveka...
...og snart er det dags for arbeid, litt godt å kome inn i rutiner att, for liten og for stor, vanedyr...:)
Her i huset har me ein skulegut og ei jente som skal på stor bhg.avdeling...

Klisjè, men tida flyg fort...
 Plutseleg er det som virka så langt fram i tid for 6 år sidan, berre ei lita veke frå oss....
Moro å sjå kor motiverte dei er for å ta fatt på ein litt ny kvardag, om det er skule eller barnehage...:)
Og, ikkje minst, så er det utruleg godt for mamma og pappahjarta, å vite at dette er noko dei gler seg til!
Søt stjerneskål, Rivera Maison. Lita teljos-lykt frå House Doctor... 

Den fine lykta gjev koseleg stemning rundt bordet, særleg på ein grå morgon...
Halvor Bakke for Lama


Det er fredag og helg, og den skal nytast i fulle drag med mine kjære,
 ....og litt diverse gjeremål....
Alltids noko å drive med her, kremt...:)


Håpar eg kan vise litt nytt som er gjort over helga...


Ha ein fin-fin fredag og ei topp helg!


KOS DEG!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar