mandag 24. september 2012

Måndag og ny veke...

Då var vi i gang med ei ny veke...
Helga var god, men jammen er det godt med ei ny veke òg...
Nye planer og ting ein må eller bør få gjort, 
...eller òg ein ny sjangs til å slappe av eller få unna noko av det ein kasnkje ikkje rakk... 

Det vart ein fin start på veka for min del i dag jobbe litt, trene litt, og så heim å fikse litt av det eg ikkje gjorde i går... 


Det vart ein ein deilig avslutning på arbeidsdagen med vekas fyrste treningsøkt unnagjort...
Jogga nokon km på mølla i dag, fort og gali, før eg henta på SFO og i barnehagen...
Hurra....!

Melde meg inn i treningssentert for litt over ei veke sidan, og så langt er motivasjonen på topp...
Målet er 3-4 økter i løpet av veka, der ei av desse er Yoga,
 medan dei andre anten er reine kondinasjonstimar , eller ein kombinasjon av kondis og styrke.

Håpar formen er med meg òg, så vil det nok gå så det susar etterkvart, sjølv om den er litt ustabil i starten....:-)

Har gått på Spirulina og Chlorella + nokon andre greens i over ein mnd no. 
Og eg vil påstå at det har gjort gode ting for både det eine og det andre når det gjeld energi, søtsug og diverse ME-plager. 
Det virker i alle fall som det gjer meir godt enn vondt for kroppen i alle fall...
Så om du er nysgjerrig på om det kan vere noko for deg, kan det vere verdt eit forsøk, 
men trapp gradvis opp, og fylgj  instruksane nøye. 
Eg brukar pulverform av begge, blanda i eplejus. 
Ein skal ikkje bruke appelsinjus visstnok, då denne reduserer virkninga.


Vel, no det kvelden, beina høgt med ei ny god bok og ein kopp krydderte!
Det er jammen deilig det, slik før ein tek fatt på resten av veka, og alt det den inneheld...

Denne veka byr i alle fall på treningar, avslutning av fotballtrening for storegull og litt anna smått...
Og jammen blir det ein dagstur til Oslo òg... 
Inn til Riksen for å besøke min kjære pappa saman med veslesyster. 
Det blir godt...
Særleg sidan det no er litt over 2 veker sidan sist eg var der. 
Jammen godt vi har telefon når ein bur over 4 timar ifrå.

Over til bok og te...:)
Ha ein god måndagkveld, og du,

GJER MORGONDAGEN GOD!!!
...SMIIIL til DEG..



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar