søndag 16. september 2012

Think pink, or feeling blue...?

Hei, bloggen, lenge sidan sist. 
No er eg omsider attende, etter nokre veker med ei naudsynt pause....
De som kjenner meg, veit at me i familien har hatt nokre tøffe veker då far min vart utsett for ei arbeidsulykke der han vart alvorleg skada. 
Dette er snart ein månad sidan... 
Tida flyg... 

Han er framleis på sjukehus i Oslo, 
der han gjennomgjeng operasjonar med jamne mellomrom, men han er ved godt mot.... 
Den siste tida har vore prega av dette...
 ...derfor har andre ting blitt prioritert framfor bloggen.
Så, eg håpar inderleg de held med meg, og at de kikkar innom framover, 
sjølv om det kan vere litt ustabilt med innlegg iblant. 

Det vil bli betre att, eg lovar.... hi, hi :-)
Men over til hyggelegare ting:)


I mellomtida så er det diverse som har skjedd, 
både på husfronten og i bygda....

Det er godt å ha nokre prosjekt og hyggelige ting å henge fingrane i... 
Samt at det skjer noko rundt ein...:)

...særleg når det er mange tankar som kvernar i hovudet, 
og Oslo er for langt vekk til berre å ta ein svipptur... 

Den fyrste helga i september opna dei eit nytt varehus her i bygda... 
Det husar mellom ana:
Møbelringen, Ringo, Hus og Heim(gåver og interiør), 
samt ei velværeavdeling i underetasjen.
Der kan ein besøke treningsstudio, frisør, hudpleie/massør, samt ein fotsoneterapeut.... 

Deilige greier for kropp og sjel...:-)


I overetasjen har dei arbeidd som berre det,
og dei har gjort den gamle matbutikken om til ei flott og koseleg møbel og interiørforretning. 
Her er det mykje flott som fristar....!!

Sjå berre på alt dette flotte frå merket, Songvaar!
Nydelege duse fargar på alt frå koppar, kar, små kakeformer, forkle, handkle og diverse ana....   


Flotte skåler, perfekte til bakverk og snacks, eller kva med ein søt fredagstaco...?


Koppane er i nydelege duse fargar, og kjem med søte små ord... 
Den perfekte veninnegåve -eller morsdagsgåve, spør du meg...


Smelt....


Her er det sååå mykje lekkert å ynskje seg, altså....  
I alle fall dersom rosa er din favoritt...:-)


Eller...
 så kan du velje blått...
 Veeeeldig fint det òg....:)


Desse putene hadde vore perfekte blant Greengateputene på romet til veslegull....

Eg har fått lov til å ta bilete av det nye dei har å vise i butikken,
 og det er mykje lekkert dei har å by på...
...Og...
 nokre av skattane, dei har òg blitt med heim...:)

Nytt frå huset:
Her heime har me får BAAAAD!!! 
Gleda over å kunne ta seg ein kjapp dusj i eige hus er stor, 
blant både liten og stor....
I over fem mådadar...
Ja, FEM... 
...har vi vore utan bad...!!!

Me har hatt ein liten do der det er do og vasketilgang, men ikkje nokon dusj... 
Likevel har dette gått greit, då vi har hatt tilgang på dusj i eit ana hus på garden, 
men det blir uansett tungvindt ettersom tida gjeng, 
og ein blir lei av å pakke og planlegge. 
Men nuh er den tiden forbi, og lykka er stor!
Skal vise bilete frå badet snart... 

No får eg vende nasen frå PC, og hente storegull som kosar seg i selskap i dag.

Ha ein flott sundag alle kjære lesarar....
Eg håpar de held fram med å lese bloggen, det set eg verkeleg pris på!
I same stund vil eg takke for all den støtta, omtanken og gode ord som me i familien har fått den siste tida. 
Det er heilt fantastisk, og betyr uendeleg mykje...

MASSE GLEDE & LYKKE TIL DEG PÅ DENNE FINE SUNDAGEN!
KOS DEG!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar