mandag 30. juli 2012

Sein sommarkveld på Hvaler...

Lykke om sommaren...
Det kan vere å nyte seine sommarkveldar ute,
saman med god mat, deilig drikke i glaset, fine folk...

...og ein fantastisk utsikt mot solnedgangen....
Solnedgangen på hytta til Birgitte og far til N, den blei nytt frå hytteterassen....

Det er kvardagslykke....

Det har ikkje vore mange slike utekveldar her heime i Vågslid i sommar.
Då set ein definitivt ekstra pris på dei kveldane ein får...

Tusen takk for turen i år, Åsmund og Birgitte. Me storkosa oss, alle fire...
Håpar det vert fleire slike kveldar til neste år...

Ha ein fin dag, folkens...
Litt sol i dag òg, juhu! Så eg og ungane tek turen til fjells, opp på hytta til besta mi.
Tippar det vert full oppvarting, ho er kjend for det ...:)

KOS DEG!

lørdag 28. juli 2012

Deilige laurdag!

Hallo igjen...
... og god formiddag...

No har det vore stille her ei stund...
Me tok oss ein velfortent ferietur med borna, og du og du så godt det var, for store og små...
Fyrst gjekk turen til hytta til svigerfar og Birgitte, på Hvaler.
Etterpå tok me ein liten tur til Danmark, der overnatta me i den koselege byen, Århus.
Målet for Danmarksturen var Legoland.
Storegull har lenge hatt eit stort ynskje om å sjå Legoland,
og gleda vart stor då han endeleg entra parken, og i tillegg fekk besøke verdas største legobutikk.
...Legoparadis, for ein på 6....:)

Laurdagskos, med god bok, god kaffe og fine ljoslykter...
Den store grå med strikk, er Halvor Bakke for Lama, I løøøv it. Litt haustleg, men kva gjer vel det i det veret me har no :)
Dei to kvite små kjem frå Lindform Sweden, òg er ei innflytjingsgåve frå familie...
...Så fiiine, og gjev eit veldig fint ljos...
KOOOS....:)
Har du lest Tirsdagsdamene, reisen til Lourdes? Veldig koseleg og lettlest bok...

Her i Vikje nyt me ein stille morgon, før me gjer oss klare for kveldens festlighetar,
2x40 skal feirast.
Tippar det blir ein artig kveld med god mat, fine folk og mykje moro...
Gulla er reist på campingtur med besteforeldre,tenker nok dei storkosar seg der...

Håpar de nyt laurdagen og ferien...

Ha ein fin-fin dag!

LAURDAGSGLEDER & LYKKE til DEG...

Follow this blog

mandag 16. juli 2012

Velkomen til Vikje...

Velkomen....
Her er utsikt opp mot huset, Nybu(hytte) ligg rett nedom vårt hus, saman med Vikne, hytta som me budde i før...
Ved innkøyringa ligg ein  nyopppussa garasje og eit stort uthus.

Skilt, som viser at me befinn oss i Bratsberg amt  :)
Blomstereng, og naboar.
I det fyrste huset(Vikne) bur bror til, og det vesle huset, der bur bikkja hans..:?

Idyll, med eiga blomstereng rett utanfor...

Husdraumen vår....

Velkomen...
Ein midlertidig uteplass, det har eg sjølvsagt laga...:)
Inngangen er praktisk innreidd med eit godt synleg vater, rett ved sidan av inngangsdøra.,...
Utemøblar, det får me få tak i ein annan sumar:)

Her ser de detaljar frå dei fine stolpane me har, dei er laga ved Haukeli Hytter og Hus.
Kledninga på huset har/skal ha stavlaft look.
Litt blomar er òg på plass:)'

Fronten 2. og 3. etg(loft).
Nederst ser de austsida av huset
I kjellaren er det mellom anna dobbel garasje, og fleire bodar, i tillegg til tekninske rom..

Baksida og vestsida av huset ser slik ut....:)
På det fyrste bilete ser de der inngangstrappa skal vere, rekkverket er mellombels, akkurat som trappa.
Førebels er det trappa på det 3. bilete som gjer nytta...:)

Utanfor huset har me eit lite eldhus. Her har fortida sju kyllingar sin midlertidige bupel...:)
Over haugen kan me sjå "burt" til "Haugen", som er svigerfar sitt hus og barndomsheimen til N.

Utsikten er formidabel, uansett årstid....
Framleis ligg snoen på toppane mot vest....

Leikehuset vert nok neste prosjekt.
Det blir flittig bruka av veslegull, og alskens herlege måltid vert laga her inne...:)
Utsikten mot aust viser oss bygda og fjoset, med stallen i bakgrunnen...
I fjor hadde me fire grisar i innhegninga på nedsida av fjoset, til stor glede for liten og stor...
Dei var nokon skikkelege gravemaskiner!!
...noko av det graslause er utført av ei ekte gravemaskin òg, altså:))

Flaggstanga skal på sikt få ei oppussing, samt flotte seg med ein vimpel...
Den gamle stallen ligg  ved sidan av låven/fjoset.
Det er koseleg med gamle hus i tunet...
Viktig å ha utstyret på plass :)
Bugardshytta, som ligg rett bortanfor vårt hus.
Her veks det nydelege, store Liljekonvall, til mi store glede...
På vegen frå huset, kan ein gå opp til Vågslidnuten,
som de ser  i bakgrunnen på 2. og 4. bilete.
Storegull driv og ryddar stein,
og då er sjølvsagt Gråtass på plass, slik at ein kan fylle opp med lass....

Den fine grasvegen, som pyntar opp ved austsida av huset...
Idyll...

Her var altså eit lite biletedryss frå garden, utsida av huset og område rundt...
Me gler oss til å vise fortsetjinga...
Det er mykje å gjera, men òg veldig moro å skape noko saman...
Noko som er VÅRT, og som me har felles...

Ynskjer dykk alle ein fin-fin måndag og ei super veke!

...GLEDER & LYKKE...

fredag 13. juli 2012

God helg...

Fredagskos med latte, moreller og veslegull...
Gutane er ute på gutetur, og me jentene kosar oss heime...

God helg!!!

torsdag 12. juli 2012

Liljer i stoga, frå ein god ven...

På ein heilt vanleg kvardag....

kan toppen av kvardagslykke vere den gode veninna,
som kjem på besøk for å hjelpe deg med å rydde...
OG
ikkje nok med det...
Ho har til og med med seg, dei finaste Märthaliljer(?)...
Ei veke etterpå, stend dei  framleis like vakre og velduftande i stoga...

Tusen, tusen takk!
Me er heldige...

Ynskjer deg ein fin-fin torsdag...

Massevis av LYKKE & GLEDE til deg!

Kvardagslykke for Storegull og veslegull...

Veslegull er stolt og lykkeleg...
over at dei fine skoa frå USA
endeleg passar...
Høge hælar har dei òg....
...Sukk...
Det er kvardagslykke for ei lita jente på 3 år... :)

Storegull er storvegs nøgd og lykkeleg...
over endeleg å ha mista den fyrste tanna...
Kva er meir spennande enn å vente på at den dett ut,
for så å sjå, neste morgon,
om tannfeen har vore innom  på vistitt i løpet av natta....???
Det er kvardagslykke for ein  stor, liten gut, på 6 år...

Små barn ser, som alltid, store gleder i dei "litt mindre ting"
... og sjølv heng eg meg meir enn gjere på,
for å ta del i kvardagslykka til mine to små gull... :)

HA ein flott-flottare-flottast dag!

GLEDER OG LYKKER TIL DEG!

onsdag 11. juli 2012

Nye bilete frå 2. etg...

Her kjem bileta frå 2. etg atter ein gong...
Mista, som eg skreiv her om dagen, innlegget som handla om 2. etg.
Hadde altså hatt ei lita bloggepause fram til førrdagen, pga at eg har drivi og rydda, kasta, sortert
og merka det av flyttlasset, som  endå ikkje er komen på plass.
No har me i alle fall litt meir system...
DEILIG...

INFO OM 2. ETG:
I 2. etg har me ein god og romsleg gang , med inngang til fem soverom, der to av desse er gjesterom,
i tillegg til eitt bad og eitt leikerom.
Veggane i gangen er måla i vanilje, taket er beisa i hvitkalket interiørbeis.
Bjelkane er behandla med gotisk patina.

Litt pynt er på plass, så klart. Fake oliventre frå Hus og Heim, paljettputer, frå HM Home.
Ein sau (i teppeformat), slappar av i ein gamal korgstol frå tenåra.
Austeninspirerte lykter, frå Casa interiør.
I tillegg ser de litt av gangen, med rot, skrot og fancy byggelampe...
... og eit uferdig klesskåp, som sjølvsag stend ein annan plass enn der det skal... :)
Ei gamal madrass, gjer førebels nytta som veslegull si gardin :)
Etterkvart som eg har pakka om og rydda, har eg òg fått pakka ut litt.
2. etg er delvis klar, men me manglar å liste, gjere ferdig nokre rom/bad, samt setje inn nokre dører.
(som må beisast fyrst) Men det me treng av rom for oss fire, det er på plass.
I sjølve gangen har me tenkt å ha ein liten "kontorkrok."(der som korgstolen står)

Av dei fem soveromma, er det to som ikkje er klare, det er mitt og N sitt, i tillegg til eit gjesterrom,
som per no er vårt lagerrom for flyttelass.
Det planlagte soveromet til meg og N, har walk in closet og direkte inngang til eit planlagt bad.
Gler meg til å  få dette klart. Førbels er det eine gjesteromet vårt rom.
BEHIND THE SCENES:
Rot, skrot, uferdige rom og golv, og kasser i haugevis.
Men det ser faktisk mykje betre ut no , enn for ei veke sida :)

Me ville òg ha eit lite leikerom her oppe, for å kunne plassere mesteparten av fellesleikene der.
Eg hadde mest lyst til å ha berre eitt rom å rydde leiker på, enn fleire... :)
Her inne har me òg sett inn eit lite TV til å bruke til TV-spel og film.

Expedithylla har fått ein omgang med Marrakesh farge.
Nokre korger i lin/tøy, gjer nytta som oppbevaring av diverse leiker, frå HM-Home.
Den gamle trekassa har eg fyllt med Duplo, lett tilgjengeleg, og lett å rydde vekk...
På toppen er det ekstra sitjeplassar, i form av knappeputer frå HM-Home,
og eit lita svart ei, frå Ellos Home.
Sofa, frå studenttida er i bruk att, fyllt med masse puter, sjølvsagt.... :)

Ungane har kvart sitt rom her oppe, med litt "hjørneskråtak" og ein koseleg sovekrok. Romma ligg på kvar si side for leikerommet. Alle soveromma oppe er måla same fargar. Vanilje på veggane, med ein fondvegg, som er beisa i valnøtt. Tak er måla i eggekvitt. På romma til ungane er det bjelkar i taket som er behandla med gotisk patina(voks), same behandling som dørene skal ha.

Bileta under, syner rommet til veslegull.
Søt vimpel frå Hus og Heim.
Englevinger, boks og bokstavar frå Panduro.  Dådyr frå Kremmerhuset.
Det vart eit koseleg snupperom...
Eigaren av romet vart strålande fornøgd med rommet sitt...:)

Sengehimmel frå Princess, sengeteppe og lappeputer frå Greengate.
Runde puter, Ellos Home.
Saueskinn på golvet, frå Ellos Home.
Senga er ein nyopppussa sengebrisk, som ungane fekk kvar sin av, frå bestemor si og sambuaren, då me flytta inn.
Fiks ferdig, med måling(eggekvitt) og madrass, det sette me stor pris på.

Rommet til storegull er ikkje heilt klart endå(fleire bilete kjem), og det er litt dårleg ljos der no,
så her vart det berre litt bilete frå senga.
Same seng som veslesyster, med sengeteppe frå Bohus og lappeputer frå Greengate.

Ha ein fin onsdag!!!

GLEDE OG LYKKE TIL DEG!

tirsdag 10. juli 2012

Vår kjøkkendraum er verkeleg...

Kjensla av å ha kjøkkenet med stor K...
DEN ER GOD DEN!

Særleg når ein har venta i fleire år på det....
Å sitje her kvar morgon, det er, akkurat no,
kvardagslukke og alle slags lukker på ei gong...

Eg elskar dette romet, eg elskar å sitje her å nyte utsikten uansett vèr,
saman med mine kjære og ein god kopp morgonkaffe...

....OG EG ELSKAR Å KOKKELERE HER,
HA ARMSLENG OG GOOOD PLASS TIL OPPBEVARING!
Endeleg er det nokså klart, litt listar, ljos og småpirk, det manglar me...
Men, pytt pytt...

Kjøkkenet er perfekt for oss og våre behov.
Det kjem frå Huseby, og er teikna og tilpassa til romet,
i samarbeid med flinke Torill, på BM i Seljord.
Flink dame, absolutt verdt å ta ein tur dit, om du planlegg kjøkken..
(Dei fører fleire ulike kjøkkenmerke og modellar,  i ulike prisklasser)

VÅRT KJØKKEN:
Merke, Huseby
Modell, Koriander
Farge, lys antikk
Benkeplate, laminat, eikelook
Retroradioen er på plass, og gjev oss god morgonstemning...
Praktisk med skinnstolar...
når ein endå har såpass små born, at mjølkeglaset fort tek seg ein horisontal tur i løpet av måltidet...:)
Til stolane høyrer det med eit bord, som i kkje er montert.
Førebels er det spisestogebordet, som vert brukt på kjøkkenet...

Ha ein fantastisk dag, kjære deg!

...MASSE GLEDE OG LYKKE...

mandag 9. juli 2012

Mista innlegget frå i dag...

Æsj, på eit eller anna vis har eg mista innlegget eg la ut tidlegare i dag frå 2 etg, men skal i allefall legge ut bileta på nytt i mrg, dei har eg! Trur eg greidde å slette innlegget via mobilen, tullball og kjedeleg! ARG!

tirsdag 3. juli 2012

Sumarsalat og vinos...

....God kveld der ute i gråveret....

Ein sumarleg salat kan smake godt,
sjølv om det er lite som minner om sol, varme og sumar på utsida av huset no om dagen...
Sumarsalaten for oss vart hjertesalat, med cherrytomatar, raudlauk  og kyllingfilet.
Toppa det heile med deilig parmesan, kvitlaukskrutongar og Cæsardressing....
...Mmmm...

Dette vart kvardagslykke på fat, og det på ein heilt vanleg kvardag! :)

Min nye favoritt! Eg er fan av raudvin, sjølv om det er sumar...:-)
Likar de raudvin?
I så fall vil eg anbefale denne karen,
ein fruktig og middels fyldig italiener, til rundt 100-lappen...
Passar godt som aleinekos i sofakroken, eller
saman med ein ven,
og sjølvsagt inntil eit velsmakande kjøttmåltid, utan for mykje sterke krydder...

Håpar du nyt sumaren, sjølv om veret ikkje er heilt på topp.
Sjølv puslar eg på inne, prøver framleis å rydde og sortere i flyttelass,
men ting tek som kjent tid...:)

Kjem attende med litt meir bilete frå rundt omkring i huset etterkvart...

Kos deg så lenge!

Glede og lykke til deg!

mandag 2. juli 2012

Knekkis, I like....

Heimelaga knekkebrød er noko eg har laga ei stund...
Og dei er, etter mi meining, knallgode!
Mykje betre enn "fabrikk/butikklaga" i alle fall....:)

Det finnast mange ulike oppskrifter på knekkebrød, og eg har prøva ut nokre forskjellige.
Eg har blanda litt oppskrifter, tatt litt her og der og kome fram til ei som eg synast fungerar.
Måla i oppskrifta er litt på slump, men nok til to langpanner.
Denne oppskrifta kan lagast, med og utan gluten, dersom det skulle vere naudsynt.
Best av alt, deigen er gjort på 10 min, pluss steiking...

Medan det steiker, kan du kose deg og gjere akkurat det du føler for...:-)

OPPSKRIFT:
Hell omlag 2 dl av kvar av dei frøslag/kjernene du likar best i ein bolle.
Eg likar å bruke solsikkekjerner, gresskarkjerner, knuste linfrø og sesamfrø(bruker 1 dl av sesamfrø)+nøtter.
Her kan du auke og trekkje frå med frø, akkurat slik det passar deg og din smak.
I tillegg tilset du omlag ein dl kruskakli.

OBS! For eitt glutenfritt alternativ kan du nytte deg av Fiberhusk og litt mandelmjøl.
Dette blandast i omlag same forhold, som med Kruskakli, men Fiberhusk sveller, så ikkje bruk ein dl berre med dette, kun ca eit par teskeier saman med til dømes mandelmjøl(el anna glutenfritt alternativ), for å binde massa betre.

I tillegg kan det vere godt med litt hakka mandlar, valnøtter eller liknande, om lag ein handfull.
Tilslutt tilsett du væske, omlag 6-7 dl prøv deg fram, rør god.

Spre deigen ut på eit steikebrett med bakepapir,
bruk hendane, eller ein slikkepott.
Rut opp med kniv/pizzarulle, før steiking.

TIPS: om du brukar hendane til å dytte deigen ut, væt/dypp dei jamleg i vatn, så slepp du at det "klabbar"

Dersom du har varmluftfunksjon på ovnen, steik begge bretta på ei gong
på 190 grader i 45 minutt, men følg med....
Når det gjeng mot slutten vert dei fort brune, dei blei mine i dag;-)
Slepp gjerne ut litt damp med jamne mellomrom, då vert det lettare å få dei sprø.
Dersom dei framleis er seige, turk på låg temp(ca 50) med døra på gløtt, til dei vert sprø,
det kan ta alt frå ein time til mot 3, avhengig av kor mykje væske som skal ut.

TIPS: om dei er brune på toppen kan du gjerne tørke dei oppned, med bakepapiret på, alternativt set du ned tempen medan dei steiker, ca etter ein halv times tid, men då må dei steike litt lenger.
Avkjøl på rist, knekk opp og oppbevar i tett boks...

HÅPAR DEI FELL I SMAK, KOS DEG!
....Ha ein fin kveld...

søndag 1. juli 2012

Hey...

I put some new shoes on...
and suddenly everything's right...
Hey, I put some new shoes on and everybody's smiling,
it's so inviting

Oh, short on money, but long on time.
Slowly strolling in the sweet sunshine
And I'm running late,
And I don't need an excuse...
'Cause I'm wearing my brand new shoes!

JEPP!
(Nye sko, kjøpt på salg for ein slikk og ingenting på H&M,
Tekst henta frå "New Shoes" av Paolo Nutini)

Ha ein fin-fin sundag alle saman, med eller utan new shoes:-)