lørdag 29. september 2012

Vakre, våte Vestlandet...

Laurdag og bilblogging :-)
Familieliv og familiekos....

Vi er på tur til Odda for å hente lampene vi bestilte til huset, hurra:-)


Gler meg til å få dei opp, og til å vise fram resultatet...
I kveld vert det måling av TV-stoge, må bli ferdig snart;-)



Ha ein fin laurdag!

Nyt helga, folkens...
Smil til deg:-)

torsdag 27. september 2012

Vågslid, omtalt i Maison....

I nyaste utgåve av Maison, er det ei veldig fin reportasje frå ei av dei flotte hyttene
som har beliggenhet her i den fine bygda eg og mine kjære bur i.
...
Vågslid
...


Vågslid ligg omlag 800 moh, og er ei vakker fjellbygd lengst vest i Vinje kommune, 
som ligg i Telemark fylke. 
Vi er rett ved grensa til Hordland, og ligg ved foten av Hardangervidda... 
Området kan by på flotte naturopplevingar, og har gode høve for å drive jakt og fiske,
 eller rett og slett for å få seg ein  fantastisk tur i fjellet.... 
...Eller kva med ein liten bærtur, når det er den tida på året....?

På vinteren er det fantastiske forhold for både bortover og nedover ski, 
med preparerte turløyper i vakkert terreng... 
...Eller kanskje ein fartsfyllt dag i skisenteret i Vågslid, Haukelifjell Skisenter...


....Her er innleiinga til reportasjen...

Etter ein aktiv dag, er det godt å kome heim til den varme og koselege hytta...
Skape deilig hyttestemning med fyr på peisen... 
Nyte deilig mat og godt selskap...

...Framsida på nyaste Maison...
"30 sider vakre hytter."
 Ei av desse er altså å finne i Vågslid...!
Og, i Vågslid er det mange vakre hytter...!
(Ser slik ut frå utsida i alle fall, hi, hi! Kunne gjerne tenkt meg å sjå inne i litt fleire av dei....:-))



Hytta er i tømmer, og er bygd av det lokale firmaet, Haukeli Hytter og Hus. 
Utruleg lekre hytter...
...og dyktige fagfolk!


Veldig artig at lokale krefter og bygda vår, vert omtalt i flotte Maison!

Det er "heilt upp" eit lite stykkje KVARDAGSLYKKE for mange, vil eg tru...
 Særleg for hytteeigarane, og for dei lokale produsentane av hytte og interiør... 

....MEN òg, for oss som bur her...
...i vesle, vakre og ville Vågslid...

(òg kanskje og litt ekstra for oss som er "litt" interiørglade, 
og har Maison som eitt av sine favorittblad...hi, hi...:))

Ha ein formidabel torsdag!
GJER DAGEN GOD!


mandag 24. september 2012

Måndag og ny veke...

Då var vi i gang med ei ny veke...
Helga var god, men jammen er det godt med ei ny veke òg...
Nye planer og ting ein må eller bør få gjort, 
...eller òg ein ny sjangs til å slappe av eller få unna noko av det ein kasnkje ikkje rakk... 

Det vart ein fin start på veka for min del i dag jobbe litt, trene litt, og så heim å fikse litt av det eg ikkje gjorde i går... 


Det vart ein ein deilig avslutning på arbeidsdagen med vekas fyrste treningsøkt unnagjort...
Jogga nokon km på mølla i dag, fort og gali, før eg henta på SFO og i barnehagen...
Hurra....!

Melde meg inn i treningssentert for litt over ei veke sidan, og så langt er motivasjonen på topp...
Målet er 3-4 økter i løpet av veka, der ei av desse er Yoga,
 medan dei andre anten er reine kondinasjonstimar , eller ein kombinasjon av kondis og styrke.

Håpar formen er med meg òg, så vil det nok gå så det susar etterkvart, sjølv om den er litt ustabil i starten....:-)

Har gått på Spirulina og Chlorella + nokon andre greens i over ein mnd no. 
Og eg vil påstå at det har gjort gode ting for både det eine og det andre når det gjeld energi, søtsug og diverse ME-plager. 
Det virker i alle fall som det gjer meir godt enn vondt for kroppen i alle fall...
Så om du er nysgjerrig på om det kan vere noko for deg, kan det vere verdt eit forsøk, 
men trapp gradvis opp, og fylgj  instruksane nøye. 
Eg brukar pulverform av begge, blanda i eplejus. 
Ein skal ikkje bruke appelsinjus visstnok, då denne reduserer virkninga.


Vel, no det kvelden, beina høgt med ei ny god bok og ein kopp krydderte!
Det er jammen deilig det, slik før ein tek fatt på resten av veka, og alt det den inneheld...

Denne veka byr i alle fall på treningar, avslutning av fotballtrening for storegull og litt anna smått...
Og jammen blir det ein dagstur til Oslo òg... 
Inn til Riksen for å besøke min kjære pappa saman med veslesyster. 
Det blir godt...
Særleg sidan det no er litt over 2 veker sidan sist eg var der. 
Jammen godt vi har telefon når ein bur over 4 timar ifrå.

Over til bok og te...:)
Ha ein god måndagkveld, og du,

GJER MORGONDAGEN GOD!!!
...SMIIIL til DEG..



lørdag 22. september 2012

Laurdagslykke...

Det kan vere å kose seg med borna på brannvesendag...
før ein skal kose seg blant familie for å feire ein jubilant...
Kvelden, den skal nytast med min kjære, god mat og kanskje snurre ein film....?


Håpar du og har fine planer:-)
Ha ein fiiin laurdag!

Gjer dagen god!
Smil til deg:-)

fredag 21. september 2012

Fredagstips for oss over 18 år....

...Fredagstips...
...For deg som er over 18 år...

Om du likar kvitvin... 
...eller du framleis ikkje er i raudvinshumør...
...så er denne Chablisen å anbefale...

LAROCHE CHABLIS, 2009
Ikkje veldig tørr, ikkje veldig søt, men akkurat passe perfekt...:)
Nettopp slik eg likar det, hi hi... :)

Ha ein fin-fin fredag!

DET ER DEFINITIVT, 
den beste dagen i veka for min del...


...GJER DAGEN OG HELGA GOD...

KOS DEG OG NYT DEN!!!
KLEM

torsdag 20. september 2012

Kakaokos...

Ein kopp rykande varm kakao, 
det kan gjere godt for kropp og sjel,
også på ein torsdag...

Nyt den gjerne i lag med eit ferskt blad og levande ljos rundt deg....

...Greegatekoppen, Naomi  Beige, er fylt til randen av kakao og mini  "MASCHSMELLÅOS".....

Ha ein fiiin kveld!
Kos deg, og hugs....

Gjer morgondagen god...

Smil til deg...:-)

onsdag 19. september 2012

Haustgleder...

Hausten er her... 
Den beste tida på året...
I alle fall når det kjem til intetiør og mote....
...Ull, strikk, skinn, store, mjuke og varmande plagg....
....Masse fine fargar...
...Og lyng...




Kva gjev vel meir hauststemning i lag med dei oransje trea, som lyngen?

...Vinkjølaren frå COVENT GARDEN, gjer nytta som potteskjular...
...Ljosestake frå Hûbsch, duftljos frå ROGN...
 ... Brettet kjem frå Perfect Home...




...Lilla, frodig og fin...
...Pyntar opp heimen med sin friske farge...
Saman med litt levande ljos, eit deilig pledd og ei god bok...
...då er haustkvelden komplett....

...Oliventreet kjem frå Hus & Heim, og det passa perfekt i den gamle krukka....
...Ljoslykt frå Trend Design, Hus & Heim...


...Eller kva seier du...?

...Bokstabelen er høg for min del...
...Gler meg til å setje av tid til å kunne nyte gode bøker...


Fin lykt eller....?

Eg var ein av dei heldige, og fekk med meg denne lykta på opningsdagen av det nye senteret... 
...Desse var til halv pris, og dei var det rift om kan eg fortelje....

Det var vinn eller forsvinn frå døra opna, om du ville ha ei av desse med heim, hi, hi... :-)
...Omlag 15-20 minutt etter opning, var alle lyktene(små og store) vekk...

...Fine er dei, og dei passar perfekt inn her i heimen...

Ynskjer deg ein fin-fin onsdag...


Gjer kvelden og morgondagen god!

KOS DEG!

tirsdag 18. september 2012

Hallo frå do....

Her kjem eit lite biletedryss frå do...

...Nypynta og fin...
...synast eg i alle fall...:)



Ljosestakar frå Hübsch
Stjerneljosa får du tak i på Hus & Heim...


Oliventreet har tatt plass i potte frå Jernia, og er no plassert på ei gamal trekasse frå garden...


Romet er passe stort til ein do...
Og med plass til litt pynt...:)
Det likær vi....


Taket er framleis utan listar...
Ein gong kjem dei vel på plass....

Veggar: vanilje
Tak: Blanda beis av Drivved og Valnøtt


....HOME....
Små telykter frå House Doctor/ROGN


...Ja, så slik er det på doen her i Vikje... 

Ha ein fin tirsdagkveld, kjære du...

KOS DEG, og GJER MORGONDAGEN GOD!!!

mandag 17. september 2012

Å kunne glede seg ...

..er ein viktig eigenskap...
...saman med å kunne nyte det å kose seg...

 ...Kunne sjå små glimt av lykke i dei små ting...
Dette er balsam for sjela og gratis terapi...
...Trur eg...


Det å setje pris på små gleder som ein ser, eller opplever omkring seg...
 ...Dei små ting...
Det kan hjelpe å fokusere på dette....
Det har blitt endå meir viktig den siste tida.... 



Dei små gledene kan vere den gode stunda du har saman med nokon nære og kjære. 

Det kan vere eit lite glimt av kvardagslykke, ein munter kommentar frå eit av gulla, varmande ord,
eller ein fin liten ting som pyntar opp i heimen, og gjer den endå meir koseleg....

...Heimekos...

Nyte ei stille stund...


....Tenke gode, sterke tankar....
Medan du varsamt smyg deg inn under eit mjukt og varmande fleecepledd...


Nyte ein kopp te, og synet av elden på peisen...


 Hausten er på plass...
...ruskever...


...vinden som bles friskt på utsida, og regnet som piskar mot ruta...
...Du er inne...


...inne i varmen, og kjenner at livet er ganske ok...
....ganske ok i dag òg...


Medan du håpar og tenkjer at morgondagen...
...den skal nok by på gode og positive opplevingar den òg......



Forsiktig og avslappa pustar du ut...
Lener deg tilbake....
Du nyt heimekosen og heimefreden som no har senka seg, denne måndagettermiddag....

Måtte resten av dagane og kveldane framover vere gode for alle...
...Ta dykk tid til å nyte haustkvelden, nettopp slik den best nytast, 
etter mitt syn...

I sofaen...
... under eit pledd, eller i ein sterk armkrok...
 ...medan du berre sit der...

Du sit der, 
du nyt stunda og omgjevnadane...

...Det er så viktig å kose seg...
...KOSE SEG...
...her og no...

MASSE GLEDER OG LYKKE TIL DEG!

....KLEM...


...Alle desse fine stjerneprodukta kjem frå 
Enjoy Design og Trend Design... 
Du finn dei på Haukelitunet Vest...
I love it! I'm starstruck....!!



søndag 16. september 2012

Think pink, or feeling blue...?

Hei, bloggen, lenge sidan sist. 
No er eg omsider attende, etter nokre veker med ei naudsynt pause....
De som kjenner meg, veit at me i familien har hatt nokre tøffe veker då far min vart utsett for ei arbeidsulykke der han vart alvorleg skada. 
Dette er snart ein månad sidan... 
Tida flyg... 

Han er framleis på sjukehus i Oslo, 
der han gjennomgjeng operasjonar med jamne mellomrom, men han er ved godt mot.... 
Den siste tida har vore prega av dette...
 ...derfor har andre ting blitt prioritert framfor bloggen.
Så, eg håpar inderleg de held med meg, og at de kikkar innom framover, 
sjølv om det kan vere litt ustabilt med innlegg iblant. 

Det vil bli betre att, eg lovar.... hi, hi :-)
Men over til hyggelegare ting:)


I mellomtida så er det diverse som har skjedd, 
både på husfronten og i bygda....

Det er godt å ha nokre prosjekt og hyggelige ting å henge fingrane i... 
Samt at det skjer noko rundt ein...:)

...særleg når det er mange tankar som kvernar i hovudet, 
og Oslo er for langt vekk til berre å ta ein svipptur... 

Den fyrste helga i september opna dei eit nytt varehus her i bygda... 
Det husar mellom ana:
Møbelringen, Ringo, Hus og Heim(gåver og interiør), 
samt ei velværeavdeling i underetasjen.
Der kan ein besøke treningsstudio, frisør, hudpleie/massør, samt ein fotsoneterapeut.... 

Deilige greier for kropp og sjel...:-)


I overetasjen har dei arbeidd som berre det,
og dei har gjort den gamle matbutikken om til ei flott og koseleg møbel og interiørforretning. 
Her er det mykje flott som fristar....!!

Sjå berre på alt dette flotte frå merket, Songvaar!
Nydelege duse fargar på alt frå koppar, kar, små kakeformer, forkle, handkle og diverse ana....   


Flotte skåler, perfekte til bakverk og snacks, eller kva med ein søt fredagstaco...?


Koppane er i nydelege duse fargar, og kjem med søte små ord... 
Den perfekte veninnegåve -eller morsdagsgåve, spør du meg...


Smelt....


Her er det sååå mykje lekkert å ynskje seg, altså....  
I alle fall dersom rosa er din favoritt...:-)


Eller...
 så kan du velje blått...
 Veeeeldig fint det òg....:)


Desse putene hadde vore perfekte blant Greengateputene på romet til veslegull....

Eg har fått lov til å ta bilete av det nye dei har å vise i butikken,
 og det er mykje lekkert dei har å by på...
...Og...
 nokre av skattane, dei har òg blitt med heim...:)

Nytt frå huset:
Her heime har me får BAAAAD!!! 
Gleda over å kunne ta seg ein kjapp dusj i eige hus er stor, 
blant både liten og stor....
I over fem mådadar...
Ja, FEM... 
...har vi vore utan bad...!!!

Me har hatt ein liten do der det er do og vasketilgang, men ikkje nokon dusj... 
Likevel har dette gått greit, då vi har hatt tilgang på dusj i eit ana hus på garden, 
men det blir uansett tungvindt ettersom tida gjeng, 
og ein blir lei av å pakke og planlegge. 
Men nuh er den tiden forbi, og lykka er stor!
Skal vise bilete frå badet snart... 

No får eg vende nasen frå PC, og hente storegull som kosar seg i selskap i dag.

Ha ein flott sundag alle kjære lesarar....
Eg håpar de held fram med å lese bloggen, det set eg verkeleg pris på!
I same stund vil eg takke for all den støtta, omtanken og gode ord som me i familien har fått den siste tida. 
Det er heilt fantastisk, og betyr uendeleg mykje...

MASSE GLEDE & LYKKE TIL DEG PÅ DENNE FINE SUNDAGEN!
KOS DEG!