torsdag 27. desember 2012

3.dag jol

Winterwonderland....

Ute er det masse sno, og me har pynta inngangspartiet med tre, granbar, konglar, lykter og ljos...

Stemningsfullt i kveldstimane...

Ha ein fortsatt god tredjedag jol!
Her stråler sola i dag:-)

Smil til deg:-)



onsdag 26. desember 2012

26.-jolebordet

Fortsatt god jol! Då var 2.joledag her... Fredeleg og godt! Pakkene er testa ut og leika med, og me nyter late dagar, god mat og fyrste jol i vårt nye hus-LYKKE!!!

Her er nokre bilete frå korleis bordet vårt vart dekt til vår allere fyrste jolemiddag her heime...

granbar, konglar, ljos og sylv; det må vere stikkord for bordet denne jolekvelden:-)

Etterkvart kjem det masse bilete frå resten av jolehuset her i Vikje...

Ynskjer dykk ei fredeleg romjol...

Smil til deg...:-)



mandag 24. desember 2012

24. God jul...

Så, då var dagen her.... !

Me sit her i den nye tv-stoga, med TV! Nyter teiknefilm, kaffe og synet av eit blenkjande joletre!

Glede...

Etter mange timar med jobbing dei suste vekene, vert det godt med eit pust i bakken, saman med familien!

Kos deg i jolehøgtida du og! Ynskjer deg ei fredeleg og god jol, og alt godt i det nye året-2013!

Jolesmil til deg, og masse glede :-D




søndag 2. desember 2012

Lykke er...

...når ein midt oppe i alt kaoset, så smått ser at ting gjeng framover...

TV stoga er brukbar, nedvask av huset er i gang og jolestjerna blenkjer i glaset...

Jol i Vikje er på gang, og me gler oss nesten like mykje, liten som stor...

Ha ein fin fyrste sundag i advent! Nyt den
fine, men tiltider travle førjulstida...
(utan å kollapse den24.;-)

Smil til deg...:-)